Drivdalen i vinden, Logo, mogop og moskus. Knapp venstre

Tilbake til historie

  
  
  
  
  
  
  
  
  
  

Artikkelen er presentert i BØGDA VÅR 2002, forfatta av Ola P. Hoel

Foto ©  Ola Arne Aune

Brustølen fra Stallhødalen, kulturlandskap m/ sætrer og åpent beitelandskap

RISGRENDA OG VINSTRADALEN
Møtestad for vegane over fjellet

Ingen veit i dag kva tid Risgrenda vart busett. Men gravfeltet fra jernalderen som ligg på Trenga /Risjære viser at det i alle fall har vore gardar her tre-fire hundreår etter Kristi fødsel. Og det er vel grunn til å tru at den første busettinga skjedde enda lengre tilbake i tida. Både Lo og Rise er eldgamle naturnamn av den typen namneforskarane meiner er dei aller eldste gardsnamna. Det er naturleg å tru at  Rise er eldst, i og med at gravplassen er plassert her. Ein må tru at gardane er eldre enn gravplassen, sjøl om gravfeltet har vore i bruk frå eit større område, kanskje både Drivdalen og Båggåstronda. Rise kjem av ”ris, krattskog”, medan Lo blir tolka som ”lågtliggjande eng nær vatn og skog”. Same namnet finn vi til dømes i Oslo.

 

Øvst på Ristangen låg gardane samla heilt fram til midten av 1800 - talet. Grenda var eit knutepunkt for dei tre vegleiene over fjellet  som møttes her. Vegen gjennom Drivdalen kom opp på platået der gardane låg og gjekk gjennom tuna. Så heldt han fram ned Sandbrekka og over Vinstra, som er eit sterkt skilje mellom grendene Rise og Lo. Drivdalen var nok den sikraste vegleia for dei som kom over fjellet når Driva var islagt. Men sommars tid, når vassføringa var stor, kunne det nok vera problem å ta seg fram i den tronge dalen, langs ein veg som hadde mange vad og klopper. Da var det lettare å bruke dei eldgamle ferdselsvegane framover Risberget eller gjennom Drotningdalen og Vinstradalen. Og alle vegleiene møttest i Risgrenda. Her låg sju gardar tett saman, og manntalet frå 1701 viser at alle brukarane her var postbønder. Det vil seie at dei hadde plikt til å frakte post over fjellet, fram til Tofte på Dovre. Ein del tenestemenn frå stat og kyrkje hadde og krav på skyss og følge over fjellet når dei for i offentleg teneste. Denne plikta varte fram til 1784 da fjellstuene ble pålagt  å føre post og anna skyss fram til neste fjellstue.

 

 

Linje 2