Drivdalen i vinden, Logo, mogop og moskus. Dikt av Halvard NerloKnapp venstre

Tilbake til kunst og kultur

Sol i fjellåm.

Av Halvard Nerlo

 

Her har nok forfatteren skildra utsynet fra Losli'n.

Fjell og tindar i sol seg laugar,

kvite stig dei mot himlen blå.

Snøen ligg over høgd og haugar.

Kvitt er alt det du no kan sjå.

 

Vangsfjell stenger i nord for synet.

Svarthaugen, det er veslegut,

for der vest, over høgste brynet,

der ligg Trollheimen, nut ved nut.

 

Sissihøa, den høge tinden,

over Loslia står på vakt.

Stri og isande kald blæs vinden

der på toppen, så er det sagt.

 

Skørvhøtoppen i dag har vorte

kvit og fin som han sjeldan er.

Alle urder og skrabb er borte,

dei ligg gjømt under snøen der.

 

Lenger sør finn du høgste karen:
Lertjønnkollen du nok kan sjå.

Han er husbonden her i garden.

Trygg han ruver mot himlen blå.

 

Rundt ikring ligg på kvite vidder

Bruhø, Stallhø og Brattfonnhø,

Honnet, Tronfjell i strålegidder,

alt i solglans og drivkvit snø.

Noter sol i fjellomSvarthaugen, det er veslegut

Svarthaugen, det er veslegut

Sissihøa, den høge tinden,

Sissihøa, den høge tinden,

Foto © Jenny Kristin Heggvold

Foto © Jenny Kristin Heggvold

Prolog

Skreve til avskildsfesten hans Ola Setrom

Festa vart halde på Risom den 7. sept. 1946.

 

Nordan under fjellom der gjekk det ein gut,

han drøymde og las, og så lengta han ut.

Han drøymde om Synnøve, Øyvind og Arne,

men åra sveiv rundt, og dagar er farne.

 

Guten han voks opp frå gut til mann,

ein stor ein, ein lang ein, de kjenner da han.

Og lærar det vart han i ungdomens år,

ein mannsalder var han i krinsen vår.

Men han var ikkje berre skulen sin mann

han Ola, han var med oss allestad, han,

i sorg og i glede, i gråt og i smil

han Ola fann orda, som skulle til.

 

Ein talar det er han av fremste slag,

og enda så kjem han seg dag for dag.

Men diktarhugen den braut og brann,

han Ola skreiv, og si form han fann,

ei av dei beste i Noregs land.

 

Han skreiv om fjellet og om solbrun gard,

om fedreland og om mor og far,

om Toresgrendin og Eli Engje,

om Jo i låret og Børve-Jo,

om vakre jenter og kåte drengje,

og mykje anna, og han var god.

 

Les septembernatt så still og var,

og les Finnota, vill og kåt.

Du tykjer Finnota verkar hard,

men om du les, og du tenkjer kar,

du høyrer finnkallens såre gråt,

du ser ein diktar med yre sinn,

har hjartelag for ein stakkars finn.

Men mange vonar på bøker fleire,

og difor seier eg: skriv, skriv meire!

 

Når du skal reise frå krinsen vår,

så vil eg takke i denne stund,

for alt du gav oss med penn og munn,

og ønskje lukke i framtids år.

Eg ønskjer framgang og fred og trivnad,

så du kan nytte din rike givnad.

 

Men eg vil vone, du aldri gløymer,

den harde fjelldal, der Driva strøymer.

Der bjørka klengjer seg fast i liom,

og vinden yler i vintertiom.

Å nei, du gjev han din beste song,

som du har gjort det så mang ein gong.

 

                                          Hallvard Nerlo.

Gammelbua på Driva

 

På gammelbun va gelve berre ropp san,

musa hoppa løstikt ne og opp san.

Kjillarn han va blaut, varo låg å flaut

å møggla så ho såg ut som en såpp san.

Gammel bu san, huttetu san,

mus å møggel har du nokk tå du san.

 

Minn så fann dem på at dem skull fløkj san,

bua opp å sø ett lite støsj san.

Tore Lillerye han tok på se brye

han skull bua oppå muran røkkj san.

I lange drag san, no går dæ bra san

langsomt lakka gamla dit ho ska san.

 

Bua kom på murn som ferdi sto san

for mura ha han Ola og han Jo san.

Så kom Erek Røtvei som i tre kun arbei

kara ha han mæ såm au va go san.

Dem drev på hart san, temra snart san,

tå gammelbun der jerre`m kvitt tå svart san.

Bestyrar Jo san, han va go san,

no i såmmår prøva si besto san.

 

Hallvard Nerlo