
|
GOD TUR etter “Turstigen langs Driva”! |
|
Badedammen |
|
LYST PÅ EIT BAD?
Her skal det ligge godt an for å ta ein kvil. Gapahuk, eldstad og sitteplassar står til rådvelde. Dersom vêr og temperatur tillet det, kan dammen også brukast til eit bad. Mange drivdalingar har teke sine første symjetak her. Dammen var kjent for å ha god temperatur i vatnet. Var trafikken stor og vatnet vart ureint, var ein såpevask i Driva ei god avslutning.
Det er gode oppvekstvilkår i denne dammen både for fisk og rumpetroll, frosk og fugleungar.
Ved Nordre Risfossen litt lenger nord kan ein få store naturopplevingar om det kjem laks som har sloppe heilskinna frå alle farar på ferda frå Sunndalsøra og opp hit. Her blir dei stoppa av fossen, og kampen for å springe opp den kan bli ei dramatisk forestilling. Men det er ikkje så ofte vi får oppleve det. |
|
Rasteplass ved badedammen |
|
Foto © Sigmund Rise |


|
Til Rishaugen |
|
Til Rise kraftverk |
|
Tilbake til turforslag |
|
Bruk knappene øverst på høyre og venstre side av kartet for å navigere frem og tilbake langs stigen.
Eller du kan klikke på en av de grå knappene på kartet for å gå direkte til et av de andre punktene som er merket av.
Den røde knappen viser hvor du er til en hver tid. |
