Drivdalen i vinden, Logo, mogop og moskus. "Turstigen langs Driva"

GOD TUR etter

“Turstigen langs Driva”!

Rise kraftverk

Rise KraftverkKart over turstigen langs elva Driva i Drivdalen, OppdalKnapp høyreKnapp venstre

Til Fanthulu

Til Badedammen

Foto © Sigmund Rise

Knapp venstre

Tilbake til turforslag

Bruk knappene øverst på høyre og venstre side av kartet for å navigere frem og tilbake langs stigen.

 

Eller du kan klikke på en av de grå knappene på kartet for å gå direkte til et av de andre punktene  som er merket av.

 

Den røde knappen viser hvor du er til en hver tid.

  
  
  
  
  
  
  
  
  
  

DET GAMLE KRAFTVERKET

 

Ole E. Rise var teknisk leiar og primus motor for Driva Elektrisitetsverk, som vart bygd i Risfossen tidleg i 1930åra.

Det avløyste det gamle verket som Torvald Kolstad bygde i Vinstra i 1912. Anlegget i Risfossen var største grendekraftverket i Oppdal ved sida av Dørrumselvens Elektricitetsværk - «Dørrumselven», som det heitte på folkemunne. Rett nok var ikkje vassfallet her i Risfossen imponerande høgt, berre 6,4 meter, men røyrleidningen hadde etter måten grove dimensjonar. Verket kunne yte 50 kilowatt. Det var organisert som andelslag, og ved oppstartinga i 1932 hadde det teikna seg 35 abonnentar.

 Anlegget i Risfossen produserte vekselstraum, og kunne dermed gje kundane ei betre og sikrare vare enn dei gamle likestraumsverka. Det var lagt inn to transformatorar i linjenettet, som i 1932 strekte seg over ti kilometer. Sidan vart forsyningsnettet utvida.

 Det var lite pengar blant folk i «dei harde trettiåra». Dermed vart det vanskeleg å skaffe lån, for inntektene til elektrisitetsverket var usikre. Følgjeleg måtte det sparast, men det er nesten utruleg kva karane fekk til med små midlar. Berre turbinen var ny, for den måtte spesiallagast.

Resten av utstyret vart kjøpt frå konkursbuet etter eit mislykka industrieventyr ved Røstvangen på Kvikne.

Frakta til Risfossen gjekk for seg med hestar og sledar.

av hjelpemiddel var stubbebrytar, hestar og mannemakt.

 

 Ola E. Rise var teknisk sjef og byggeleiar, mens Ivar Hagen, John St. Riise og Paul og Ingebrigt A. Loe stod for transporten. Alle arbeidsføre i grenda var med på bygginga.

All betongen til dam og bygg vart blanda for hand og lagt i forskalinga frå trillebår. I 1932 stod verket ferdig, og kraftstasjon, linjenett og transformatorar vart godkjent av Statens Elektrisitetstilsyn.

 Totalt kosta verket 32.000 kroner, og andelar var innbetalte med 800 kroner per kilowatt. Torvald Lauritzen hadde dagleg tilsyn med drifta. Han gjorde ein stor innsats med ishogging når vinteren kom med frost og ising som sende vatnet på avvegar. Verst var det når det kom store

temperaturomslag. Men når isen først hadde lagt seg, fungerte det bra. Med sommar og vanleg nedbør produserte verket opp mot 50 kilowatt. Når det var kalde vintrar og abonnentane hadde stort behov for straum, vart det ofte berre halv produksjon - og dårleg spenning.

 Abonnentane kunne bruke så mange kilowatt som dei hadde kjøpt andelar for. Vart forbruket større, kopla ei vippe ut straumen. Det systemet gjorde at magasinkomfyren vart populær. For da kunne ein varmeopp magasinet om natta og bruke det til koking på dagtid.