Drivdalen i vinden, Logo, mogop og moskus. "Turstigen langs Driva"

GOD TUR etter

“Turstigen langs Driva”!

Kalkomnen i Rishaugen

 

Vi veit ikkje sikkert når denne omnen vart bruka, men truleg var det i andre halvparten av 1800-talet. Kalken vart nytta til sement i fjøsmurar og lysomnar. Kalkstein (limsten) vart frakta frå Limstenberga i Vinstradalen og ned til omnen. Her vart han brent og leska til sement. Det fins fleire liknande anlegg i Vinstradalen.

 Lokalavisa ”Fjellposten” har ein notis 21. desember 1906: ”Bagenfor Rise er fjeldet kalksten. Nu brændes ikke meget kalk. Dette tyder på at drifta var så godt som

slutt i 1906.

Rishaugen og kalksteinsovnen

Rishaugen i Drivdalen, OppdalKart over turstigen langs elva Driva i DrivdalenKnapp venstreKnapp høyre

Til Badedammen

Til Skoresbrua

Knapp venstre

Tilbake til turforslag

Bruk knappene øverst på høyre og venstre side av kartet for å navigere frem og tilbake langs stigen.

 

Eller du kan klikke på en av de grå knappene på kartet for å gå direkte til et av de andre punktene  som er merket av.

 

Den røde knappen viser hvor du er til en hver tid.

  
  
  
  
  
  
  
  
  
  

Rishaugen har vore husmannsplass under Nordistu Rise og hatt busetting frå gamal tid. Ved registreringa av gardar som Landkommisjonen gjorde på 1660talet

vart det oppført sju bruk med namnet Rise.

Garden til Ole Rise var den klart største, og står oppført med ein husmann med jord. Det er svært sannsynleg at dette er Nordistu med Rishaugen.

 I folketeljinga frå 1801 er Anders Olsen registrert

som husmann med jord i Rishaugen.

I 1865 er Rishaugen registrert med Jens Sivertsen som husmann med jord. Han er også eigar av jorda i Losløkkja, og har ein buskap på ein hest, sju kyr og åtte sauer. Dette er ein stor buskap, og sannsynlegvis

var det i denne perioden at Rishaugen fekk bygd seter i Nordistuteigen i Rismorka, Haugasetra. Enno kan vi sjå tufter etter denne setra.

I 1875 er Jørgen Olsen Rishaug registrert

som tenestekar i Nordistu Rise. Han fekk siste husmannskontrakten på Rishaugen. Han var som nemnt siste husmannen. I anleggstida til Dovrebanen

og seinare har fleire budd på plassen.

I 1920-åra leide professor Sivert Bragstad ved NTH plassen til feriebruk. Han sto for både tilbygg og restaurering av stova. Familien hadde gode år i Rishaugen, med laksefiske om sommaren og rypejakt

om hausten. Bildet er frå denne tida. I 1927 døydde Sivert Bragstad, og sidan vart plassen mindre bruka.

Dei siste som budde her i Rishaugen var Margit og Sivert Rise med seks born. Sidan gjekk utviklinga av boligstandard Rishaugen forbi, og forfallet fekk fri råderett.