Drivdalen i vinden, Logo, mogop og moskus. "Turstigen langs Driva"

GOD TUR etter

“Turstigen langs Driva”!

HALD HUNDEN I BAND OG LUKK ALLE GRINDER!

Skoresbrua med kvennhuset hans Even Fossheim nedafor brua. Under storflaumen i juli 1932 gjekk vatnet jamt med brudekket da elva var på det største. Denne brua var den einaste som tolde presset, og stod fram til ho vart utskifta i 1951. Bildet er tatt før 1926. I bakgrunnen er Fossesgrenda - med gardane slik dei låg den gongen.

Skoresbrua

Kart over turstigen langs elva Driva i Drivdalen, OppdalKnapp venstre

Til Rishaugen

Skoresbrua med kvennhuset hans Even Fossheim nedafor brua. Under storflaumen i juli 1932 gjekk vatnet jamt med brudekket da elva var på det største. Denne brua var den einaste som tolde presset, og stod fram til ho vart utskifta i 1951. Bildet er tatt før 1926. I bakgrunnen er Fossesgrenda - med gardane slik dei låg den gongen. 
Fra Skoremsbrua i Drivdalen mot Oppdal

Vinter ved Skoresbrua, mot Oppdal

Foto © Sigmund Rise

Knapp venstre

Tilbake til turforslag

Bruk knappene øverst på høyre og venstre side av kartet for å navigere frem og tilbake langs stigen.

Eller du kan klikke på en av de grå knappene på kartet for å gå direkte til et av de andre punktene  som er merket av.

Den røde knappen viser hvor du er til en hver tid.

Se Turstigen langs Driva på et større kart
  
Med utgangspunkt frå parkeringsplassen her ved Skoresbrua går turstigen nordover til skulen og byggefeltet (ca. 1 kilometer) og sørover til Gottemsbrua (ca. 2 kilometer).

 Stigen er lagt langs elva, med skogen som ly for vêr og vind og elva som naturoppleving. Elva kan også gje opplevingar med stangfiske dersom vêr og vassføring - og fiskelukka - er med oss.

 Tverrlina som går opp til E6, vart bygd etter at Kongevegen gjennom Risgrenda vart omlagt i 1860 åra.

Tidlegare hadde vegen gått lenger oppe i grenda enn i dag. På lag samtidig med omlegginga av riksvegen var det omfattande utskiftingsforretningar som førte til at dei fleste gardane vart flytta. Da vart

Tverrlina bygd for å gje bortbyggene kort veg

til riksvegen. Tidlegare hadde dei veg omtrent der turstigen går i dag. Dei kom da inn på riksvegen sør for Rishaugen ved ein plass som bar namnet Kongssletta -no ein del av Nesto.

 Kongssletta har sikkert fått namnet sitt etter ei av dei berømte kongeferdene over Dovrefjell, i 1685, 1704 og 1733. Dette var store følgje som kunne telje fleire hundre personar utanom køyrekarane. I Oppdal var kvart skysskifte pålagt å halde 120 hestar i beredskap for slike kongelege følgje. Ein liten pust i bakken kunne nok gje opphavet til namnet Kongssletta. Ein må rekna med at

det var stort oppmøte av bygdefolk når følgjet kom ned Drivdalen.